Quantcast
Channel: NRKbeta
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1159

Mobil vs PC på yr.no

$
0
0

I juli 2013 var det 16 mill brukarar til samen på dei ulike versjonane av yr.no. Halvparten brukte ein telefon eller eit brett, men mobilbrukarane er mykje oftare innom enn PC-brukarane.

yr-pc-mobil

La oss ta det viktigaste fyrst som sist: Det er i utgangspunktet ganske suspekt matematikk å rekne saman tal på unike brukarar – alle som har vore borte i nettstatistikk bør vite at ein ikkje kan plusse saman slike tal: Om ein person er inne på yr.no via eit nettbrett, telefonen sin og eit par PC-ar, blir denne eine personen rekna som fire unike brukarar. Av og til kan ein likevel få ny kunnskap av å drive med småsuspekte statistiske krumspring; dette er eit slikt tilfelle.

Halvparten av brukarane kjem frå telefon eller brett

Grafen visar summen av bruken av www.yr.no, m.yr.no og yr-appane.

pc-og-mobil

54 prosent av yr-brukarane kjem frå ein PC, 28 prosent frå ein telefon, 17 prosent frå eit brett (46 prosent samla brett/telefon).

Mobilbrukarane er derimot langt oftare innom enn PC-brukarane: 58 prosent av brukarsesjonane kjem frå ein mobiltelefon.

iOS er det dominerande mobiloperativsystemet: 50 prosent av telefonane har iOS (20 prosent Android), og 95 prosent av bretta er iPad (3 prosent Android).

Forbausande få brukar appane

Berre 11 prosent av brukarane av yr.no brukar ein av appane (iPhone, Android eller Symbian). App-brukarane er til gjengjeld innom tre gongar oftare enn dei som brukar www.yr.no eller m.yr.no.

versjonar

Både iOS og Android-appane til yr.no er tilpassa både telefon og brett. Likevel går 70% av brettbrukarane inn på www.yr.no framfor å bruke appen.

Alle tala i denne artikkelen gjeld for juli 2013. Kjelde er TNS Scores (nett- og mobilversjon) frå TNS Gallup. Tala gjeld brukarar av yr.no i alle land, ikkje berre norske. Ca. halvparten av brukarane til yr.no er norske, ein fjerdedel er svenske og ein fjerdedel kjem frå resten av verda.

Mykje å lure på

Vi som arbeider med yr.no i NRK klør oss litt i hovudet over statistikken av og til. Dette er eit slikt tilfelle.

  • Kvifor går ikkje mobilbruken i taket når det er sumarferie og alle har fri?
  • Kvifor brukar 70 % av brettbrukarane www.yr.no framfor appen?
  • Kvifor brukar 60 % av mobilbrukarane m.yr.no framfor appen?
  • Kvifor i all verda er det så få Android-brukarar?

Kanskje du har eit svar?


Viewing all articles
Browse latest Browse all 1159