Tysdag 18. juni hadde vi ei litt uvanleg toppsak i Dagsrevyen. Kva meiner de om formatet?
Sjå reportasjen som gjekk i Dagsrevyen her (Langversjon av videoen)
Tradisjonelle tv-saker består av levande bilete, kommentar og intervjuobjekt oppstilt framfor kamera. Dei er som regel laga etter ein spesiell modell som alle lærer på journalisthøgskulen, men skal vi fornye oss, må vi også vere tøffe nok til å leike litt med formatet.
Utrygge Oslo
Tysdag sendte vi ei sak utan kommentar, med blanding av stillbilete og levande bilete, og med intervjuobjekt som ikkje er oppstilt framfor kamera. Det er første gong i historia vi sender ei slik sak på Dagsrevyen.
Internett-desken i nyheitsavdelinga har den siste veka gjort mykje journalistikk på Utrygge Oslo – det er gjort ei omfattande undersøking på kor folk føler seg mest utrygge i hovudstaden. Dagsrevyen valte å køyre ein pakke på dette i toppen av Dagsrevyen tysdag 18. juni.
Politiet minutt for minutt
Eg fulgte politiet i Oslo på jobb i landets paradegate, Karl Johan. Eg var med både dag, kveld og natt – for å vise korleis gata endrar seg gjennom døgnet. Vi ville vise korleis Karl Johan går frå paradegate til slagmark på få timar. Prosjektet er gjort med en Canon 5D Mark II.
Skal vi gjere meir av dette i Dagsrevyen, eller passar dette formatet kun til nett? Vi vil gjerne ha innspel og tilbakemeldingar.
Oppdatering: Vi har allereie fått tilbakemeldingar i sosiale medium. Nokre skriv «Du, dette var bra», medan andre meiner at vi har brukt «virkemidler fra TVNorge-serier om amerikanske politifolk. Laget for å trigge følelser, ikke for å opplyse. Lav nyhetsverdi.» Og: «Tendensiøst vrøvl. Har dere ingen journalistiske stadarder?» eller «Video/foto/lyd er mikset på en fet måte».