Quantcast
Channel: NRKbeta
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1159

NRK TV på Smart-TV

$
0
0

I september rullar NRK ut eigne appar for Smart-TV. Det kjem støtte for Samsung, LG, Panasonic, Phillips, Sony og Playstation.

Appane for Samsung blir lansert i dag 5. september, dei andre kjem om kort tid.

Lanseringa på dei andre plattformane blir i stor grad kontrollert av kvart enkelt TV-produsent. Dei har eigne godkjennings- og utrullingsrutinar.

40 000 program – når du vil

Dei nye Smart-TV-appane har det same innhaldet som du får på tv.nrk.no: 40 000 program i opptak, både ting frå arkivet og sendingar frå dei siste dagane.

Nokre seriar har (nesten) komplette arkiv: Du kan f.eks. sjå Norge Rundt tilbake til 1977 (!); medan innkjøpte seriar ofte er tilgjengeleg i 1-3 veker.

Vere tilgjengeleg der folk er

NRK har som mål at innhaldet vårt skal vere tilgjengeleg der folk er, på dei plattformane som er mykje brukt av nordmenn.

Den siste tida har vi lansert tenester for ChromecastApple TV, det har kome nye appar for Android-brett og -telefonar, iPad og iPhone.

Nettsidene våre er responsive, og funkar bra på andre typar telefonar og brett.

Vi prioriterer plattformar som har mange aktive brukarar. Det vil seie at vi ikkje har prioritert å lage eigne tenester for for eksempel Windows Phone eller Blackberry enno; fordi det ikkje er nok aktive brukarar i Noreg.

Frå den lille til den store skjermen

Fram til no har vi prioritert plattformar som stort sett blir brukt av éin person:
PC, mobil, brett. Med dei nye Smart-TV-appane, Apple TV og Chromecast blir innhaldet frå NRK tilgjengeleg der det alltid har høyrd heime: På den store skjermen i stova.

Halvparten av norske husstandar har ein TV kopla til internett. Dette er stort sett Smart-TV-ar. Appane vi lanserer i dag dekkjer 95 prosent av desse.

Dei siste fem prosentane er fordelt på ei rekkje mindre produsentar, eller eldre modellar.

NRK TV kjem til desse TV-apparata

Det er TV-produsentane som styrer nøyaktig når kvar enkelt app blir lansert, så vi har diverre ikkje heilt nøyaktige datoar.

  • Samsung: Er tilgjengeleg frå i dag 5. september. Appen funkar på alle apparat produsert i 2012 og 2013. Støtte for 2014-modellane kjem om kort tid.
  • Sony Playstation: Blir tilgjengeleg om kort tid. Appen funkar på PS3 og PS4.
  • Sony TV: Blir tilgjengeleg om kort tid. Appen funkar på alle apparat produsert i 2013 og 2014.
  • LG. Blir tilgjengeleg om kort tid. Appen funkar på alle apparat produsert i 2012, 2013 og 2014.
  • Panasonic. Blir tilgjengeleg i oktober. Appen funkar på alle apparat produsert i 2012 og 2013.
  • Philips: Usikkert når appen blir lansert, men truleg i løpet av september eller oktober. Appen funkar på alle apparat produsert i 2012 og 2013.

Du får tilgang til appane på litt ulikt vis.

Hos dei fleste produsentane vil appen berre dukke opp på hovudsida i apparatet ditt. Trykk på NRK-logoen, så er du i gang.

For enkelte av produsentane må du laste ned appen sjølv. Søk etter NRK.

Du må ha norsk konto og IP-adresse for at appen skal dukke opp. Du kan laste ned appen i utlandet òg, men då får du berre tilgang til eit avgrensa tal program.

Det er det svenske selskapet Accedo AB som har laga appane for NRK.

Kva kjem framover?

Det kjem mykje nytt frå NRK TV frametter:

  • Chromecast: Det kjem ein ny versjon i løpet av september med støtte for teksting, direktesendingar m.m. Den nye versjonen er allereie rulla ut i mobilappane våre, og kjem på nettsidene snart.
  • Apple TV: Det kjem forbetringar i søket (autofullføring), men er usikkert når.
  • NRK Super-nettsidene får nytt design og navigasjon, slik at det skal bli lettare for barna å finne fram og bruke tenesta.
  • Dei nye Android-appane er no i open beta. Videoavspeling fungerer dårleg på nokre få modellar, men vi håpar å få løyst dette i løpet av hausten. Appane funkar veldig bra på alle andre modellar.
  • iPad-appen blir oppdatert og vidareutvikla i løpet av hausten. Her har vi fått veldig mykje god hjelp, tips og innspel frå NRKbeta-lesarane.
  • iPhone-appen kjem i ny versjon, tilpassa dei små skjermane.

Vi har òg starta så vidt på å lage innloggings- og personaliseringsfunksjonar. Desse blir lansert på nyåret. Då kan du synkronisere program på tvers av ulike plattformar, du kan abonnere på favorittseriane dine og få varsel når det kjem nye episodar.

Vi har gledd oss lenge til å dele dette med dykk, og håpar at så mange som mogleg tek appane i bruk. Og, som vanleg, at kommentarfeltet fyllast opp med spørsmål og tilbakemeldingar

Dersom du finn feil eller manglar i appane blir vi glade om du rapporterer inn dette i skjemaet for feilrapportering.


Viewing all articles
Browse latest Browse all 1159