Quantcast
Channel: NRKbeta
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1159

Nerdanes hemn – slik kjempar gamerar mot korona

$
0
0

Kommentar: Hald deg inne. Ha minst mogleg nærkontakt med andre. Bruk nettet for fellesskap. Plutseleg er det datanerden som er idealet for korleis vi skal oppføre oss i samfunnet.

Ikkje berre det. Datamaskina deira kan gje oss redninga mot heile pandemien.

Etter at regjeringa innførte dei mest inngripande restriksjonane i fredstid i Noreg, er det hundretusenvis som prøver å finne seg til rette med isolasjon og heimekontor.

Men nokre har lang øving i nettopp dette.

Introvert gamer

Både NRK, BA og Bergens Tidende meldte førre veke om ein krakilsk kar på Bergensbanen som hosta på folk med vilje, og hevda han var korona-smitta.

Sikkert ei gruvekkande oppleving for mange. Men Bergens Tidende møtte medpassasjeren Adrian som tok det med stoisk ro. «Han seier – “som ein introvert gamer” – at det gjer han ingenting å bli sett i karantene.»

I motsetnad til dei titusenvis av skiglade hyttefolk, som renner ned sårbare distriktskommunar på bristepunktet, finner spelentusiastane seg vel til rette med isolasjon i si eiga stove.

Heimebretting

Ikkje berre det. Dei kan faktisk gje oss ein vaksine mot korona-smitte med datamaskinene sine. Tek.no skriv om Folding@home.

Det går kort fortalt ut på at du laster ned eit program på datamaskina di, som låner vekk datakrafta til forskarar. Når brukarar over heile verda gjer dette, blir den samla datakrafta på storleik med ei superdatamaskin. Mange bekker små gjer ei stor og kraftig å.

Du treng ikkje vere verken gamer eller nerd for å laste ned Folding@home. Foto: Eirik Solheim / NRKbeta

Denne samla datakrafta blir brukt til å studere covid19-viruset og legge grunnlaget for det som kan bli medisin eller vaksine mot det.

Aller best er det viss datamaskina di er kraftig i utgangspunktet og gjerne utstyrt med eit solid grafikkort. Slik dei aller fleste spel-PCar er.

Grafikkortprodusenten nVIDIA oppmodar alle sine brukarar om å stille opp for forskarane.

Håpet er at dette kan gjere at arbeidet med å nedkjempe pandemien går raskare.

Så send gjerne ein takknemleg tanke til din nærmaste gamer, nerd eller spelentuisast.

Pandemiske speltips

Kanskje kan innetida dei neste vekene også vere eit godt høve til å setje seg litt meir inn i spelverda? Du kan jo benke deg med nokre aktuelle spel som gjev innblikk og forståing i korleis sjukdommar blir nedkjempa.

Two Point Hospital
Tilgjengeleg på Nintendo Switch, PlayStation 4, Xbox One, Microsoft Windows, Mac OS og Linux.
Lar deg prøve deg som sjukehusdirektør der du må ta omsyn til både økonomi, pasientbehandling og personalforvaltning. Mange tøysete sjukdommar med underhaldande kurar. Stundom bryt det ut epidemiar som du må takle.

Simulert pandemi er betre enn ekte pandemi. Og spel kan vere lærerike. Illustrasjon: skjermbilete frå spelet.

Pandemic: The Board Game
Tilgjengeleg på Android, Nintendo Switch, Xbox One, Microsoft Windows, macOS og Mac OS. Og som brettspel.
Basert på det populære brettspelet. Du tek på deg ulike roller i nedkjempinga av pandemiske sjukdommar.

Plague Inc.
Tilgjengeleg på Android, iOS, Microsoft Windows, Nintendo Switch, PlayStation 4, Windows Phone, Xbox One, Linux og Mac OS.
Eit mørkare spel enn dei to føregåande, sidan du speler på lag med sjukdommen. Du har konstruert ein sjukdom og skal forsøke å smitte mest mogleg av verdas folk.

FoldIt
Tilgjengeleg på Microsoft Windows, Mac OS og Linux.
Dette er både eit spel, men også eit folkedugnadsprosjekt mot covid-19-viruset. Som ei slags rubiks kube skal du brette eit tredimensjonalt protein, slik at viruset ikkje kan feste seg til det. Modellar som ser ut til å fungere vil bli testa og vidareutvikla av forskarar.


Viewing all articles
Browse latest Browse all 1159